Tjenesten krever innlogging Til markedsplassen | Nettkart | Nyhetsbrev | Ta kontakt
      
10.03.2010
      
Hvordan komme i gang?
Informasjon for kjøpere
Informasjon for leverandører
UNSPSC
Teknisk informasjon
Aktører på Ehandel.no
Aktiviteter
Tjenester og verktøy
Om Ehandel.no
Lenker

 
Søk i nettstedet     Tekstversjon     Nettkart     Info om nettstedet     Information in English

OI-nyheter
DIFI
PEPPOL

Fredrikstad i førarsetet

God nytte av lokasjonsnummer i ehandel

Ivar Larsen

- Den største føremonen ved bruk av GLN lokasjonsnummer er å få eit særskilt kjennemerke på kjøpar, fakturaadresse, seljar, leveringsadresse osb. Det gjev føremoner for både seljar og kjøpar, særleg når det gjeld attbruk av data – som reduserer risikoen for at det vert feil i verdirekkja. Vi får såleis auka kvalitet på og trygging av ordremeldingane og leveransane. Økonomistyringa vert effektivisert, og vi kan gjere sporing i verdirekkja – vi veit kvar varene er. Føremonene er mange, seier innkjøpskonsulent Ivar Larsen i Fredrikstad kommune. I første omgang vert GLN nytta ved innkjøp fra ASKO/NorgesGruppen til institusjonskjøkken, skolar, barnehagar osb., men fleire av leverandørane er interesserte.

GLN lokasjonsnummer frå GS1 Norway (tidlegare EAN Norge) er eit nummersystem som er teke fram for å kunne peike ut dei juridiske einingane som er innblanda i ein handel, på ein eintydig måte. Det kan vere kjøpar, seljar, bankar, transportørar osb. Ein kan òg nytte dette nummeret til å peike ut geografiske stader som til dømes firmaadresser, avdelingar, lagerlokasjonar, køyreportar og liknande. Tildelingsprosedyrane sikrar unike lokasjonsnummer over heile verda. Sjølve nummeret har alt i alt 13 siffer. Oppbygginga og strukturen kan ikkje dess mindre variere frå land til land.

I førarsetet

Fredrikstad kommune er i førarsetet i den offentlege sektoren når det gjeld bruk av GLN knytt til elektronisk handel. Røynslene med bruken av GLN i samarbeid med Asko/Norgesgruppen er positive. Her ville ein ha einskapeleg og meir effektiv kommunikasjon med sine handelspartnarar, og etablerte i fjor eit system for eintydig fastsetjing av leveringsadresser i samarbeid med GS1 Norway. No ser Larvik kommune nærare på bruken av GLN i Fredrikstad. Fredrikstad kommune er på si side i samtalar med fleire av sine leverandørar. Ein av dei er Rich. Andvord AS.

Fredrikstad kommune har eit årleg innkjøpsbudsjett på om lag 320 millionar kroner. Det er gjort rammeavtalar med nær 90 leverandørar av varer og tenester. Om lag en tredel har rammeavtalar tilgjengelege gjennom Marknadsplassen ehandel.no. Innkjøpsløysinga i kommunen er samordna med økonomisystemet og skanning/fakturahandtering. Det gjer at heile innkjøpsprosessen vert elektronisk.

E-faktura

- I år er vi i gang med å prøve å ta elektroniske fakturaer imot rett inn i fakturamottaket, då òg med automatisk knyting mot ordrenummer. Dermed kan vi etter kvart redusere skanninga. Elektroniske fakturaar vil dei gjerne distribuere via Marknadsplassen ehandel.no, og fyrst og fremst i e2b-formatet. Per i dag er innkjøpssystemet tilgjengeleg for verksemdene, einingar og tingingspunkt med om lag 350 – 400 brukarar i kommunen, seier innkjøpskonsulent Ivar Larsen i Fredrikstad kommune.

Etter kvart som leverandørane òg samordna seg slik at ordremeldingane frå kommunen går rett inn i ordresystemet hos leverandøren, såg ein òg at ein trong lokasjonsnummer for å kjenne att ordren. - Vi såg på om det var mogeleg å etablere lokasjonsnummer i vårt eige innkjøpssystem, men skjøna at det var avgrensingar mellom anna når det gjeld vedlikehald. Samstundes hadde IBX, som er operatør for Marknadsplassen ehandel.no gjort ein avtale om tildeling av GLN som ei tingingsløysning frå GS1 Norway, seier Larsen.

150 lokasjonsnummere

I første omgang har Fredrikstad kommune fått tildelt 150 GLN (lokasjonsnummer). I dag har 15-20 kjøkken fått sine nummer, og talet veks fort etter kvart som skolar og barnehagar kjem med. Ein skole kan til dømes ha fem-seks lokasjonsnummer. Målet er å kome opp i 400 einingar i kommunen som tingar, som svarar til hundre prosent dekning.

Leverandørar

- Vi ventar ein sterk auke i utbreiinga av GLN både i privat næringsliv og offentleg sektor, seier utviklingssjef Knut Vala i GS1 Norway. I Noreg er GLN mest utbreidd i daglegvarebransjen, men er òg på frammarsj i faghandel som til dømes møbel og bygg.

Tilbake

vis utskriftsversjon