Vegen til elektronisk handel over Ehandelsplattformen-Ehandel.no
Ei steg-for-steg-forklaring på korleis du kan gå fram for å knyte verksemda di opp mot Ehandelsplattformen-Ehandel.no og ta i bruk elektronisk handel.
- Er elektronisk handel noko for verksemda di?
For å hjelpe kjøpande verksemder som ønskjer å vurdere om elektronisk handel kan vere lønsam for verksemda deira, har Program for elektronisk handel i det offentlege laga ei rettleiing. Ho kan vere ei støtte i arbeidet når verksemda skal lage eit grunnlag for avgjerd om ho skal nytte Marknadsplassen ehandel.no eller andre løysingar for elektronisk handel.
Les meir...
- Gjer avtale med operatøren av Ehandelsplattformen- Ehandel.no
Program for elektronisk handel i det offentlege har skaffa fram eit avtaleverk som er tilgjengeleg for alle offentlege verksemder og andre som må følgje lov om offentlege innkjøp. Avtaleverket kan nyttast dersom verksemdene ønskjer å gjere avtale med operatøren av Ehandelsplattformen- Ehandel.no.
Les meir...
- Ta løysinga i bruk i eiga verksemd
Marknadsplassen ehandel.no krev ikkje eigne installasjonar, berre tilgjenge til Internett og ein nyare nettlesar (webbrowser) for å kunne ta han i bruk. Men vi rår til at verksemda set opp ein plan for korleis løysinga skal spreiast i verksemda, og korleis ein skal gå fram for å aktivisere leverandørane på marknadsplassen. Program for elektronisk handel i det offentlege har laga ei rettleiing som kan hjelpe verksemdene med dette.
Les meir...
- Aktivisere leverandørar på Ehandelsplattformen- Ehandel.no
Handel på Ehandelsplattformen- Ehandel.no går berre føre seg mellom partar som har avtale med kvarandre. I praksis vil det seie at kjøparen gjennomfører ei tevling slik det er vanleg, og gjer rammeavtale med dei beste tilbydarane. Av tevlingsgrunnlaget bør det gå tydeleg fram at ein vil vurdere deltakinga på Ehandelsplattformen- Ehandel.no som eit positivt evalueringsmoment. Dei leverandørane som vert valde, vert så aktiviserte for handel på Ehandelsplattformen- Ehandel.no , slik at den operative handelen på dei avtalane som er gjorde, kan gå føre seg her. Difi har fått laga fleire dokument som kan vere til hjelp for ein kjøpar i prosessen med å aktivisere eigne leverandørar og oppfølginga av dei.
Les meir...
- Leverandøren gjer avtale med operatøren av Ehandelsplattformen- Ehandel.no
Det er ikkje gjort noka eiga avtale på vegner av leverandørane, men det er i samarbeid med leverandørorganisasjonane laga eit avtaleverk som kan nyttast av dei leverandørane som ønskjer å ta i bruk dei tenestene som operatøren av Ehandelsplattformen- Ehandel.no har. Lenkja nedanfor tek deg til desse dokumenta saman med prisane som leverandørane kjem til å møte.
Les meir...
- Leverandøren lagar og får sikra kvaliteten på pris- og produktkatalogane
Eit krav til vellukka elektronisk handel er god kvalitet på katalogane, slik at den einskilde brukaren hos kjøparen finn og gjer vedtak om kjøp av rett produkt. Markedsplassen ehandel.no har krav til korleis katalogane skal vere forma, og operatøren kjem til å evaluere katalogane til leverandørane kvart kvartal – og gje melding om det som operatøren meiner kan gjerast betre. Program for elektronisk handel i det offentlege har fått laga malar og omtalar for å kunne få fram gode produkt- og priskatalogar for elektronisk handel over marknadsplassen.
Les meir...
- Samankopling med interne system
Når aktivitetsnivået med handel over Marknadsplassen ehandel.no vert stort nok eller verksemda allereie har eit elektronisk innkjøpssystem, kan det vere lønsemd i – både for kjøparen og seljaren – å kople saman Marknadsplassen ehandel.no med dei interne systema. Grensesnittomtalane som ein kan finne på lenkja nedanfor, inneheld informasjon om forretningsprosessar og - dokument som vert støtta av marknadsplassen til det offentlege.
Les meir...
|